dreiarstovo ringøy

Dreiarstovo

Ei hytte midt mellom epletrea, og med storslått utsikt over Hardangerfjorden!

Den gamle husmannsstova ligg vakkert til ved Hardangerfjorden midt mellom rekkjer med frukttre og bratte fjellsider. Bygget er opphaveleg frå 1870, men vart restaurert i 2006. Dei gamle veggane står framleis, og gjer Dreiarstovo til noko heilt særeige.

Etter full renovering og med moderne utstyr på plass, er Dreiarstovo ein flott plass å bu når du ferierer i  Hardanger. Her er alt du treng av utstyr - oppvaskemaskin, vaskemaskin, toalett, dusj og varmekablar i golv. Som gjest på Ringøy kan du også bruka båten vår, og tenna opp bål på bålplassen nede ved fjøra. 

Ringøy ligg 10 km frå Kinsarvik og er eit god utgangspunkt for opplevingar langs Hardangerfjorden. Med Hardangerbrua på plass, er det heller ikkje lange vegen til Ulvik eller Voss.

I nærområdet fins det fine gåturar i fjellet og ein kan bada i fjorden, eller låna båt og prøva fiskelykka.


Velkomen til Dreiarstovo!